Mange fellesråd har deI siste åra fått krav på seg frå brannvesenet om å dokumentere kor mange personar som er lov å ha inn i ei kyrkje. Gamle kyrkjer stettar ofte ikkje krava til standardløysingar, og fellesråda har derfor henta inn brannteknisk konsulent til å reikne ut lovleg persontal.
I samarbeid med KA har Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har laga eit skjema som kan nyttast til slik utreikning, og som kirkeverjene sjølve kan bruke.
Sjå meir om dette under Sikring på KA si heimeside
Det sentrale, partssamansette OU-styret i KA-sektoren, lyser no ut frie reisestipend og støtte til stabsturar. Søknadsfristen er 1. september 2011. Neste utlysning er først våren 2012 med søknadsfrist 1. april 2012.
Her er meir informasjon om det frie reisestipendet 2011
Her er meir informasjon om det midlar til stabsturar 2011
Andre nummer av KA-foum denne våren, er på veg i posten. Det er på 12 sider, og inneheld nyttig stoff for både tilsette og råds- og styrefolk.
Meiningane denne gongen står styreleiar Eigil Morvik, adm. dir Frank Grimstad og kyrkjeverje Valgerd Svarstad Haugland for. Deira innlegg er og attgjevne på nettsida vår.
Nytt i dette bladet er at vi har gitt plass til lysingar for firma som leverer nyttige produkt eller tenester til kyrkja. Desse finn du førebels berre i bladet, på side 10.
Les meiningane til Eigil Morvik, Valgerd Svarstad Haugland og Frank Grimstad frå KA-forum nr 2/11
Minner om oppstarten av ein serie med foredrag om arbeidsrett og arbeidsmiljø, som KA si arbeidsgivaravdeling innbyr til. Det første forumet er 9. juni kl 9:30-11:30, tek for seg "Fortrinnsrett for deltidsansatte".
Les meir om fagleg forum, tema, pris og påmelding på KA sin nettstad.
Dette er namnet på eit blad for kyrkjemusikarar og andre interesserte, og er godt kjent for dei som har vore med nokre år. Bladet har hatt ein pause, men det vert no meldt at det er "på lufta" att med 48 sider og ambisjon med 6 nr i året.
Abonnement ordnes her: nkm@musikerorg.no
Vennlig hilsen KA Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon
Klikk her om du ikke ønsker å motta flere nyhetsbrev fra .