KA logo

torsdag 30. juni 2011. Problemer med å lese e-posten? Klikk her

Nytt frå KA veke 26

ENDRINGAR I ARBEIDSMILJØLOV OG FOLKETRYGDLOV FRÅ 1. JULI

Det handlar om endringar knytt til oppfølging av sjukemelde.
Kort oppsummert seier dei nye reglane at m.a. dialogmøte og oppfølgingsplanar skal være på plass tidligare i ein sjukemeldingsperiode enn tilfellet er i dag.
Det er og knytt økonomiske sanksjonar til manglande oppfølging frå partane si side.
Les meir om saka på ka. no - med m.a. lenkjer til NAV sine sider om saka
 

TA BRANNTILLØP ALVORLEG!

Natt til sist sundag blei det gjort forsøk på å tenne på Bønes kyrkje i Bergen. Resultatet blei eit svidd hushjørne og eit brent bosspann like ved.
KAs tryggingsrådgjevar Ingrid Staurheim rosar prostileiar Edvin Bratli som tok saka alvorleg og kopla inn politiet.
Les heile saka på KAs nettstad
 

PLANLEGG DELTAKING PÅ HAUSTENS KURS OG KONFERANSAR FRÅ KA NO!
KURSKALENDER PÅ VEG I POSTEN, MEN LIGG ALLEREIE PÅ NETT...

Kurs og konferansar for hausten 2011 er ferdig planlagt, og vi kan by på kurs med mange ulike tema og for ulike målgrupper.
Du kan lese om alle kursa på www.ka.no/kurs.
 I tillegg vil alle fellesråd få kurskalenderen i posten i desse dagar.

Sikringskurs – tjuvveri og brannsikring - hausten 2011
Sikringskurs Fredrikstad 27.-28. september.
Sikringskurs Otta 18.-19. oktober.
Sikringskurs Molde 15.-16. november.
 

SIKRINGSKURS SPESIELT FOR DEG OG DINE KOLLEGAR?

Sikringskurset kan tingast. Då kjem kurshaldar frå KA til ein "stad nær deg".
Les meir

INNTIL 5000 KR TIL KYRKJEMUSIKARAR SOM VIL PÅ FAGLEGE SAMLINGAR

For å stimulere til at fleire kyrkjemusikarar kjem seg på faglige samlingar, lyser Fagutvalet for kyrkjemusikk i KA-sektoren (FUM) eit stipend til dekking av heile eller delar av utgiftene knytt til deltaking på slike tiltak.
Maksimalt beløp for stipendet er kr. 5 000.
Sjå lysinga øvst på http://www.ka.no/midler

KAs NETTBU ER OPEN HEILE SOMMAREN

Kyrkjeplanleggaren for 2012, med rabattert pris ut august, er berre eitt av tilboda ein kan finne i KAs nettbu denne sommaren.
 Tak ein titt innom!
 

"Nytt frå KA" tek ferie i juli, men kjem sterkt att første veka i august.
God sommar så lenge!

Vennlig hilsen KA Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon

Klikk her om du ikke ønsker å motta flere nyhetsbrev fra .