Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD) har opna for ei ekstraløyving til Den norske kyrkje etter terroren 22. juli. Ei ev løyving er meint å sikre oppfølging av kyrkjeleg innsatspersonell og dekning av ekstraordinære kostnader.
KA, Bispemøtet og Kyrkjerådet arbeidde i sommar med å få fram informasjon til FAD om omfanget av ekstraordinær innsats, og korleis eventuelle midlar skal fordelast mellom bispedømmeråd og kyrkjeleg fellesråd.
Etter ein førespurnad frå KA om kvar saka står pr. i dag, svarer Ingrid Vad Nilsen, ekspedisjonssjef i kyrkjeavdelinga i FAD, at eventuelle tilleggsløyvingar blir vurderte og inngår i ein eigen proposisjon som blir fremja for Stortinget i haust. Behandlinga skjer tidlegast når Stortinget trer saman i oktober. Før Stortinget har gjort vedtaket sitt, er det departementet si oppfatning at fellesråda på vanleg måte må dekkje eigne utgifter.
Les meir om det arbeidet som vart gjort i sommar på ka.no
Fagdagen 26. oktober om å forstå og motvirke intoleranse, framandfrykt og ekstremisme blant ungdomar - er klar for påmelding.
Sjå informasjon om fagdagen her
Meld deg på fagdagen via www.ka.no/kurs
Send innbjodinga vidare til andre som også bør vite om fagdagen!
Kurset vil ta for seg hovudreglane i bokføringslova med tilhøyrande forskrift, samt mogelege tilpassingsføresegner som kan vere aktuelle for kyrkjeleg fellesråd/sokneråd. Krava som blir stilte i bokføringslova er relativt omfattande. Kurset i bokføringslov og god bokføringsskikk blir halde i Oslo 20. oktober.
Påmeldingsfrist 20. september.
Les meir bokføringskurset
Nytt av året er det at kurset er utvida til seks dagar over to semester.
Fyrste samling er 24.-26. oktober 2011 og siste samling er 12.-14. mars 2012.
Påmeldingsfrist 20. september.
Les meir om grunnkurset
Denne veka er det særleg Kyrkjeplanleggaren for 2012 vi vil peike på.
Dette er ei fin gåve til nyvalde rådsmedlemmer, men og til dei tilsette.
Salmeframlegga for komande kyrkjeår, er oppdatert og fornya i samsvar med dei nye tekstrekkjene som Kyrkjemøtet har vedteke.
www.ka.no/nettbutikk
Vennlig hilsen KA Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon
Klikk her om du ikke ønsker å motta flere nyhetsbrev fra .