Åpne i nettlesaren din Ynskjer du ikkje motta fleire meldingar? Meld deg av
KA Kyrkjeleg arbeidsgivar- og interesseorganisasjon Nytt frå KA onsdag 8. mai 2013
Nytt frå KA veke 19

Private barnehagar får meir i revidert statsbudsjett

Regjeringa gir ytterligare 60 millionar til private barnehagar i revidert nasjonalbudsjett. Dette opnar for at tilskotet til born i private barnehagar vert meir likt tilskotet i kommunale barnehagar, skriv Private barnehagars landsforbund (PBL) på si heimeside.

Les meir om auken i barnehagetilskot på PBL sin nettstad.

Gledeleg IKT-løyving i revidert statsbudsjett

Regjeringa kom med sitt framlegg til revidert statsbudsjett 2013 tysdag 7. mai. I tillegg til 10 millionar på Miljøverndepartementet sitt budsjett til brannsikring av stavkyrkjene, vart det løyvd 13,3 millionar til IKT-arbeidet i Den norske kyrkje Prosjektleiar Bjarne Neerland seier i ein kommentar til ka.no at dette er gledeleg, og opnar for at ein kan kome i gang med delar av dei planane KA og Kyrkjerådet har lagt for kyrkjas felles satsing på IKT-området.

Les meir om budsjettet og felles IKT-satsing i Den norske kyrkje.

Kyrkjebygget for alle! Kurs 12. juni

Kyrkja er for alle, og forvaltarane av kyrkjebygga har ansvar for at alle skal kunne komme inn i og taka del i, dei kyrkjelege handlingane. Kurset den 12. juni er meint som hjelp til dette. Kurset forklarar kvifor dette er viktig; dei ulike lovene som gjeld på området; og kjem med råd om gode og konstruktive prosessar og tips om praktisk gjennomføring.

Les meir om kurset den 12. juni.

Kurs i presentasjons- og kommunikasjonsteknikk 30. august

Målet med kurset er å gi innføring i grunnleggjande teknikkar for å gi ein god presentasjon, ta ordet i ei større forsamling. Kurset tek og opp korleis ein kan motivere ei forsamling.

Les meir om kurset den 30. juni.

Problem med å KAs nettbutikk og kursinfo?

KA har problem med leverandøren av verktøyet som presenterer KAs kurs under www.ka.no/kurs og bøker på www.ka.no/nettbutikk. Problemet er litt på og av, men dei siste to dagane har det vore nokså permanent feil. Vi oppmodar brukarane av desse tenestene om å vente nokre dagar, og så prøve att. I fall venting er uaktuelt, send ein epost med påmelding eller tinging av bøker. Epostadressa er ka@ka.no. Vi beklagar meirarbeidet for dykk som brukarar, og lovar nytt og betre verktøy i løpet av hausten!

Vennleg helsing
KA Kyrkjeleg arbeidsgivar- og interesseorganisasjon
© KA Kyrkjeleg arbeidsgivar- og interesseorganisasjon
Postadr.: Postboks 1034 Sentrum, 0104 Oslo — Besøksadr.: Rådhusgt. 1-3, 0151 Oslo
Telefon: 23 08 14 00 — E-post: ka@ka.no
KA
Du er registrert som mottakar av denne meldinga med e-postadressa .
Om du ikkje ynskjer å motta fleire meldingar med nytt frå KA, kan du melde deg av her.