KA arrangerar eit to-dagars kurs i saksbehandling og omkringliggande emne 22.-23. september 2011. Kurset går i Trondheim og er delvis finansiert av OU-midlar. Kurset har allereie vore halde i Oslo og Bergen med særs gode tilbakemeldingar.
Målgruppa er konsulentar, daglige leiarar i kyrkjelyd, kyrkjeverjer og andre som har saksbehandling og publikumskontakt som del av sine arbeidsoppgåver.
Les meir om saksbehandlingskurset i Trondheim
Til KAs medlemmer:
I starten av denne veka sende vi ut faktura for midlar til felles arbeid med opplæring og utvikling (OU).
Dette er midlar som dei sentrale partane i tariffoppgjeret i 2010 vart samde om å bidra med.
Meir informasjon om trekket finn de i rundskriv 24/10.
Fagakademiet, i samarbeid med KA, inviterer til HMT-kurs (helse, miljø og tryggleik) for leiarar i kyrkja. Kurset gir innføring i arbeidsmiljølovas minstekrav for opplæring av arbeidsgivarar og leiarar.
Les meir om kurset i helse, miljø og tryggleik
"Leid våre skritt inn på fredens veg" ber kyrkjer over heile verda sundag 22.mai. Noregs Kristne Råd oppmodar alle kyrkjelydar i Noreg til å be med.
Les meir på heimesida til Noregs Kristne Råd
Mandag 20. juni 2011 har KA og KTF (KNIF Trygghet Forsikring) leid Kurs og brannøvingsområdet Oslo lufthavn AS Gardermoen.
Det blir ein del brannteori, men mykje av dagen er sett av til uteaktivitetar med praktiske øvingar for deltakarane.
Mellom anna får deltakarane prøve ulike slukkemetodar. Påmeldinga går til KTF.
Meir om brannøvingssamlinga på Gardermoen
Revidert nasjonalbudsjett vert lagt ut regjeringa sin nettstad fredag 13. mai kl. 11.45. Pressekonferansen til finansministeren startar kl. 12.00, og er tilgjengeleg på nett-TV.
Vennlig hilsen KA Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon
Klikk her om du ikke ønsker å motta flere nyhetsbrev fra .