KA logo

torsdag 20. oktober 2011. Problemer med å lese e-posten? Klikk her

Nytt frå KA veke 42

LITT UBESKYTTA INFO OM KVEN SOM KAN VELJAST TIL FELLESRÅDET

Siste veke melde vi om oppdateringar av materiellet til rådsopplæring som ligg på www.ka.no/raadsarbeid/raadsopplaering. Vi skreiv då litt ubeskytta om bruken av vararepresentantar i soknerådet - om dei kan veljast til fellesrådet, eller ikkje.
Det er rett at det i utgangspunktet (kl § 12) er medlemer av soknerådet som skal inn i kyrkjeleg fellesråd. Kyrkjerådet har likevel, i eit rundskriv 09/05, opna for at 1. vara, i særlege høve, kan vere valbar.
Dette er retta opp i informasjonen som ligg på http://www.ka.no/raadsarbeid/raadsopplaering
Rundskriv frå Kyrkjerådet nr. 9/2005
Notatet frå kyrkjerådet datert des 2005, der dei særlege høva er omtalt.
 

RENTEKOMPENSAJSONSORDNINGA - PENGAR ATT AV ÅRETS LØYVING

Pr i dag er det berre gitt tilsegn om 150 mill kr. av ei løyving på 400 mill kr.
Grunnen til dette er ikkje avviste søknader, men for få søknader til Husbanken!
I Statsbudsjettet er det ikkje gjort framlegg om å føre ev unytta løyving vidare til 2012.
Difor oppmodar KA alle kyrkjeforvaltarar, med planar om istandsetting av kyrkjebygg, til å sende søknad inneverande år.
Husbanken melder at fristen for å sende inn søknad er 31.12.2011.
Vi viser elles til FAD sitt rundskriv P-10/2011 av 3. oktober

50 000 KR TIL BARNEHAGAR SOM VIL ARBEIDE MED SJUKEFRÅVERET

Det partssamansette OU-styret lyser ut to stipend à 25 000 kr til to barnehagar som vil arbeide konkret med å redusere sjukefråværet blant dei tilsette.
Det er opp til den enkelte barnehage korleis dei vil jobbe med tematikken.
OU-styret utarbeidar no eit hefte, ”Nærvær og fråvær i barnehagesektoren”, med relevant materiale på området.
Budsjett og søknad med omtale av prosjektet, sender ein til KA på e-post: ka@ka.no 
Søknadsfrist er 20.november 2011.
Spørsmål om stipenda kan rettast til sekretær i OU-styret, Linn Maria Kierulf (e-post: linn.maria.kierulf@ka.no / tel: 23 08 14 34).

REKNESKAPSKURS

Innføringskurs i kyrkjerekneskap vert halde 24. november i Oslo
Kurs i rekneskapsavslutning vert halde i Oslo dagen etter, 25. november.
Påmeldingsfrist til båe kursa, er sett til 24. oktober.
Les meir om innføringskurset i kyrkjerekneskap
Les meir om kurset i rekneskapsavslutning

 

Vennlig hilsen KA Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon

Klikk her om du ikke ønsker å motta flere nyhetsbrev fra .