Åpne nyhetsbrevet i din nettleser Ønsker du ikke motta flere nyhetsbrev? Meld deg av
KA Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon Nyhetsbrev torsdag 10. november 2011
Nytt frå KA veke 45

INKLUDERANDE ARBEIDSLIV

I desse dagar har fleire av partane i arbeidslivet presentert ein heilt ny nettstad; www.inkluderende.no.
Det er ein brei presentasjon av ia-ordninga, der målet er at arbeidslivet skal bli meir inkluderande.
Det handlar om å få ned sjukefråværet, om å få fleire med redusert arbeidsevne inn i arbeidslivet, og om å få fleire til å stå lenger i arbeid. Dette er og definerte mål for Den norske kyrkja som arbeidsstad.
Les meir om IA-avtalen på KA sin nettstad, og lekkje vidare til inkluderende.no

LÅGARE REGULERINGSPREMIE ENN TIDLIGARE MELDT

KA informerte tidlegare i haust om at KLP varsla monaleg auke av pensjonspremien for 2012.
KLP har no kome med ny informasjon der det heiter at premieauken blir noko lågare enn det som ein trudde tidlegare. Bakgrunnen for det lågare vekstoverslaget er at prognosane for årslønnsvokster for 2012 er nedjustert frå 4,5% til 4,0% .
Sjølv om KLP no har nedjustert den varsla premieauken, er det framleis snakk om ein monaleg auke.
Lekkje til oppdatert informasjon frå KLP
Lekkje til omtale av premieauken tidlegare i haust.

FAGDAG OM KYRKJELEG INKLUDERINGS- OG INTEGRERINGSARBEID

Globalisering og internasjonal migrasjon har endra Noreg, og ”det fleirkulturelle samfunn” har blitt eit levande omgrep også her i landet.
Dette mangfaldet inneheld rike kulturelle og menneskelege ressursar som kan vere eit gode for alle.
Korleis bidreg det kyrkjelege inkluderings- og integreringsarbeidet til samfunnsbygging i det  fleirkulturelle Noreg?
Fleirkulturelt Kyrkjeleg Nettverk inviterer til Fagforum 2011 om dette i Oslo onsdag 16. november
Les meir om fagdagen i denne pdf-en

NYTT FRÅ NORSK KRISTELEG STUDIERÅD

Nyhendebrev nr 6 frå studierådet er vedlagt denne sendinga som pdf.
Der kan du m.a. lese om at Vaksenopplæringsforbundet (VOFO) som, på vegne av Kunnskapsdepartementet,
lyser ut reisestipend for 2012 for studieleiarar og instruktørar.
Les nyhendebrevet her (pdf)
 

Vennleg helsing
KA Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon
© KA Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon
Postadr.: Postboks 1034 Sentrum, 0104 Oslo — Besøksadr.: Rådhusgt. 1-3, 0151 Oslo
Telefon: 23 08 14 00 — E-post: ka@ka.no
KA
Du er registrert som mottaker av dette nyhetsbrevet med e-postadressen .
Om du ikke ønsker å motta flere nyhetsbrev kan du melde deg av her.