Lønns- og personalstatistikk meir enn berre tal
Data til LPR er innhenta i KA-sektor sidan 1997. No kan vi etterkvart sjå korleis sektoren har utvikla seg over tid på nokre område.
Vi har samla nokre av artiklane på ka.no
Bokføringsreglane er endra
I ein artikkel på ka.no gjer KA sin spesialrådgivar i økonomi, Trygve Nedland, greie for bokføringsreglene.
Utgangspunktet for det han skriv, er lov og forskrift, men då med særleg tanke på konsekvensane for kyrkjelege organ.
Artikkelen om bokføringsreglane finn ein i denne lenka
Artikkelen og meir økonomistoff for kyrkjelege organ, finn ein på denne lenka
Åtvaring!
Norsk internettregister er ute med brev der dei ber om stadfesting av informasjon til bruk i deira register. Som før blir ein oppmoda om stadfeste informasjon som står på nettet, og som før, endar ein opp med økonomiske krav som på ingen måte står til det ein får tilbake frå dette "registeret".
Vi har og nyleg fått melding frå fellesråd som har fått tilbod om å sikre domenet "fellesraad" for kr 2000. Vi kan ikkje sjå at det er naudsynt, og rår også her til å takke nei.
Vi har omtalt slike saker på ka.no, og der lenka til fleire liknande saker på andre nettstader.
Siste sjanse
Det er nokre få plassar att på KAs regionale arbeidsgjevarkonferanse på Gardermoen 23. april.
Påmeldinga er open ut dagen i dag, torsdag 29. mars.
For påmelding og meir informasjon om konferansen sjå her
Budsjettarbeid Oslo 10. mai
På kurset vil vi gjennomgå dei formelle føresegnene omkring budsjett og økonomiplan. Kurset blir praktisk retta med døme på budsjettarbeid i små og mellomstore fellesråd.
Frist for påmelding er 11. april.
For påmelding og meir informasjon om kurset sjå her
Frist for søknadene er flutt til 16. april
På grunn av problem knytt til opning av søknadsskjema til midlane til kompetanseutvikling i undervisningsstillingar, er fristen flutt frå 1. til 16. april.
Sjå http://www.ka.no/midler
Opningstider i påskeveka
Sentralbordet i KA har vanleg opningstid måndag og tysdag i påskeveka - dvs kl. 09-15.
Onsdag 4. april er sentralbordet stengt.
|