Åpne i nettlesaren din Ynskjer du ikkje motta fleire meldingar? Meld deg av
KA Kyrkjeleg arbeidsgivar- og interesseorganisasjon Nytt frå KA torsdag 16. august 2012
Nytt frå KA veke 33

KA-HAUSTEN STARTAR MED KAs HAUSTKONFERANSE I OSLO 9. - 11. SEPTEMBER

Årets tema er «Å forme framtidas kyrkje». 
Det er 120 påmelde til no, og nokre plassar att. Det er dermed opna for påmelding fram til komande tysdag 21.8.
Les meir om konferansen og meld dykk på

  • Kveldskonsert i Bøler kyrkje sundag 9. september

Haustkonferansen startar i Bøler kyrkje med konsert med ektefellene Gudrun Skretting, piano og Arve Moen Bergset fiolin/fele. Det er kl. 18:00. Etter konserten blir det enkel servering og omvisning ved KAs direktør Oddbjørn Sørmoen. Arrangementet er inkludert i konferanseavgifta.
Les meir om konserten i Bøler kyrkje

  • Herborg Kråkevik i Kyrkjas Hus måndag 10. september

I samband med Haustkonferansen blir det eit kveldsarrangement i Kyrkjas Hus måndag 10. september. Høgdepunkt blir konserten med Herborg Kråkevik som dei fleste kjenner. Det blir og servering (tapas!).
Arrangementet er ikkje inkludert i konferanseavgifta, og har eiga påmelding.
Les meir om samkoma i Kyrkjas Hus

LOKALE LØNNSFORHANDLINGAR

Det er sett av ein lokal pott til lokale lønnsforhandlingar i haust. KA inviterer til kurs for å gå igjennom reglar og prosedyrar ved førebuingane som må skje før forhandlingane, hjelp til utforming av kriteria for lokal lønnspolitikk, og strategi/metode for gjennomføring av forhandlingane.

Oslo 12. september. Påmelding snarast, seinast 21.8.
Merk: Kurset går dagen etter Haustkonferansen.
Bergen 25. september. Påmeldingsfrist 3. september.
Trondheim 27. september. Påmeldingsfrist 3. september.

KYRKJESØK.NO MED KOMMUNESØK

Kyrkjesøk.no kom rett før sommaren med eit eige søk der ein kan få opp alle kyrkjene i ein kommune. Lenke til kvar kommunevisning er knytt opp til kommunenummer.
Døme: Adressa til oversikten for kyrkjene i Vinje kommune ser slik ut: http://www.kirkesok.no/kommunesok/vis/0834
Erstatt 0834 (kommunenummeret for Vinje kommune) med nummeret for eiga kommune, for å få opp ein samla oversikt over kyrkjene i din kommune. Lenka til oversikten for kvar kommune, kan t.d. sendast vidare til bruk på nettsidene til kommunar, turistkontor, hotell mm – eller på eiga heimeside.

HISTORISKE GRØNTANLEGG

Vea - Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar tilbyr eit deltidsstudium for å auke kompetansen i forvaltninga av historiske grøntanlegg.  Studiet går over to år (fire semester), til saman 26 veker.
Les meir om dette tilbodet og andre tilbod ved fagskulen

GUD ER PAPIRLAUS

Konferanse 3. september om Kristen tru i møte med innvandringspolitikk.
Det norske samfunnet blir sett på prøve når det kjem til korleis vi behandlar
medmenneska i vår innvandringspolitikk. Våre haldningar, vårt politiske og sosiale
system, er utfordra på mange plan. Som kyrkje er vi også utfordra. Korleis møter vi desse utfordringane? 
3. september 2012 kl 12:00-15:00 Kirkens hus, Rådhusgata 1-3, Oslo
Les meir om konferansen på Nettverket sin nettstad

BLI MED PÅ LANDSOMFATTANDE BRANNØVING I SEPTEMBER

I fjor utfordra Norsk brannvernforening heile landet til å være med på ei nasjonal brannøving. 515.000 personar deltok i tidenes massemønstring for branntryggleik i Noreg. I år gjentek Norsk brannvernforening øvinga, og utfordrar flest mogleg til å arrangere ei brannøving der dei er - på jobb, på skule, i barnehage eller heime i sin eigen bustad ein gong i september. Blant dei som gjennomfører øving blir det trekt ut vinnarar av brannsikringsutstyr. KA oppmodar medlemene til å vere med.
Les meir om brannvernøvinga og Brannvernveka 2012 på Norsk brannvernforening sin nettstad
 

Vennleg helsing
KA Kyrkjeleg arbeidsgivar- og interesseorganisasjon
© KA Kyrkjeleg arbeidsgivar- og interesseorganisasjon
Postadr.: Postboks 1034 Sentrum, 0104 Oslo — Besøksadr.: Rådhusgt. 1-3, 0151 Oslo
Telefon: 23 08 14 00 — E-post: ka@ka.no
KA
Du er registrert som mottakar av denne meldinga med e-postadressa .
Om du ikkje ynskjer å motta fleire meldingar med nytt frå KA, kan du melde deg av her.