Gløymde å sende høyringsdokument til fellesråd
Høyringsnotatet "Veivalg for fremtidig kirkeordning" er ute på høyring. Det er gjort ein feil i Kyrkjerådet slik at dokumentet ikkje er sendt ut til fellesråda. Etter at KA gjorde Kyrkjerådet merksam på feilen blir dette no retta opp.
Høyringsnotatet er på høyring til sokneråd, kyrkjelege fellesråd, og andre kyrkjelege organar og organisasjonar. Det blei sendt ut i midten av februar. No viser det seg altså at det ikkje er sendt ut til kyrkjelege fellesråd. Kyrkjerådet har beklaga feilen overfor KA og det blir no sendt ut til fellesråda. Høyringsfristen er 15. mai og dokumentet kan du finne her.
Styret i KA diskuterte dette i går, og bestemte å sende brev til Kyrkjerådet for å be om utsatt høyringsfrist på grunnlag av denne feilen.
Dokumentet er tema på KA sine regionale arbeidsgjevarkonferansar. Vi oppmodar også til å diskutere spørsmåla på lokale samlingar i tida framover. KA vil også kome tilbake med skriftlege bidrag til lesehjelp til medlemmane våre
KA minner om…
Påmeldingsfrist for KAs regionale arbeidsgiverkonferanse i Nidaros
Torsdag 16. april arranger KA regional arbeidsgiverkonferanse i Nidaros. Påmeldingsfristen er 13.mars. Mer informasjon og påmelding finner du her.
Seminar om maling og renhold av kirker
9.-10. april 2015 arrangeres seminar om maling og renhold av kirker på Gran. Påmeldingsfristen er førstkommende fredag (13.mars). Mer informasjon og påmelding finner du her.
|