KA logo

torsdag 03. februar 2011. Problemer med å lese e-posten? Klikk her

Nytt frå KA veke 5

KONSEKVENSNOTAT FRÅ FAD OM GRUNNLOVSENDRINGANE

For to dagar sidan sende Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD) ut sitt notat "Kirkeforliket – konsekvenser av eventuelle endringer i Grunnlovens bestemmelser om statskirkeordningen i stortingsperioden 2009–2013 ". Notatet er på 25 sider og inneheld framlegg til nye og justerte grunnlovsparagrafar 2, 4, 12, 16, 21, 22 og 27. Høyringsfristen er sett til 1. mai 2011.
KA er mellom høyringsinstansane, saman med bispedømeråd, arbeidstakarorganisasjonar m.fl., men ikkje dei lokale styringsorgana. Kyrkjemøtet skal gi si uttale om notatet og konsekvensane i aprilmøtet.
Last ned konsekvensnotatet og les FAD sine drøftingar

FAD-RUNDSKRIV OM KYRKJEØKONOMIEN

FAD har nyleg og sendt ut rundskrivet: "Den norske kirke - statsbudsjettet 2011 – kirkeregnskapene 2009." Rundskrivet omtalar dei statlege tilskotsordningane til lokalkyrkjeleg verksemd, og gjennomgår rekneskapstala som fellesråda har rapportert for 2008 og 2009.
Departementet minner også om fristen – 15.mars 2011 - for innrapportering av rekneskap for 2010.
KA har omtalt rekneskapstala for 2009 på side 4 i KA-forum nr.4/2010
Her finn du rundskrivet frå FAD

INFORMASJON OM KAs KURS OG KONFERANSAR

Kyrkjebyggdatabasen - 21. mars 2011 - Oslo
Innføringskurs i bruk av Kyrkjebyggdatabasen, registrering av eigedom, bygg og inventar.
Påmeldingsfrist er 15. februar.
Les meir om kurs i Kyrkjebyggdatabasen
Tilsvarande kurs vert og halde 30. mars. Det også i Oslo.
Les meir kurset 30. mars
 

Kurs i bruk av Kyrkjebyggdatabasens energimodul - 22. mars 2011- Oslo
Aktiv oppfølging av kyrkja sin energibruk og bruk av Kyrkjebyggdatabasens energimodul har vist at det er mogleg å drive energieffektivt.
Kurs i bruk av energimodulen vert halde 22. mars i Kyrkjas Hus i Oslo.
Påmeldingsfrist 15. februar.
Les meir om kurs i bruk av energimodulen

Sikringskurs i Kristiansand 1.-2. mars og Porsgrunn 11.-12. april
Kursa tek for seg korleis ein betrar brann- og tjuverisikringa i kyrkjene.
For kurs i Kristiansand er påmeldingsfristen 14. februar.
Les meir om kurset i Kristiansand
Påmeldingsfristen for kurset i Porsgrunn er 15. mars.
Les meir om kurset i Porsgrunn
 

Leiarkonferansane i januar - biletseriane knytt til foredraga ligg i "Foredragsarkivet" på ka.no
DeI to siste fredagane i januar 2011 inviterte KA til dagskonferansar på Gardermoen og i Bergen.
Overskrifta var ”Lokalkirkelig ledelse og framtidas kirkeordning”.
Bolken før lunsj var sett av til tema knytt til det å være leiar i endringstider, tilhøvet mellom politisk og administrativ leiing, konflikthandtering, leiaravtale og leiarløn.
Siste halvdel av konferansen handla om framtidas kyrkjeordning, prosess og modellar.
Bileta som vart nytta til foredraga finn du i Foredragsarkivet på KA sin nettstad.
Der ligg og andre bilete frå tidlegare kurs og konferansar.
Adressa er http://www.ka.no/om-ka/foredragsarkiv

NYTT FRÅ NORSK KRISTELEG STUDIERÅD

I det første nyhendebrevet frå Norsk Kristeleg Studieråd informerer dei m.a. om nye og høgare timesatsar og noko dei kallar "tilretteleggingstilskott".
Dei minner og om at det er stønad å få til medarbeidartiltak og at søknad om tilskott til lokale tiltak påverkar statsstøtta.
Les heile nyhendebrevet frå studierådet på nettstaden deira
 

Vennlig hilsen KA Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon

Klikk her om du ikke ønsker å motta flere nyhetsbrev fra .