Åpne i nettlesaren din Ynskjer du ikkje motta fleire meldingar? Meld deg av
KA Kyrkjeleg arbeidsgivar- og interesseorganisasjon Nytt frå KA torsdag 28. juni 2012
Nytt frå KA veke 26 - korrekturlest versjon...

URAVRØYSTINGA ER I GANG

20. juni blei partane samde om ein revisjon av Hovudtariffavtalen pr. 1. mai 2012. Avtalen er ikkje gjeldande før partane sine medlemmer har gitt si tilslutning. I KA skjer det gjennom ei uravrøysting. Informasjon om resultatet av tingingane og om uravrøystinga, ligg i KA-rundskriv 4/12. Røystinga skjer også i år elektronisk. Det elektroniske svarskjemaet ligg som vedlegg til rundskrivet.
Fristen for å røyste er sett til tysdag 21. august 2012 kl. 12:00.
KA rundskriv 4/12 her

SISTE INNSPURT FOR DEN STORE ARBEIDSMILJØUNDERSØKINGA

Arbeidsmiljøundersøkinga for alle tilsette i Den norske kyrkje vert avslutta sundag 1. juli. For å få til eit best mogleg resultat, er det viktig at flest mogleg tek seg tid til å svare. Om du er i målgruppa og ikkje har fått undersøkinga tilsendt, kan du sende ein e-post til: DNK.undersokelse@afi.no, så vil du få ho tilsendt.
Meir informasjon om undersøkinga her

KA ER IKKJE NØGD MED REFLEKSJONSDOKUMENTET

Meiner det gir eit fragmentert og ufullstendig biletet av ei mogleg framtidig kyrkjeordning. KA utfordrar høyringsinstansane til å gi heilskaplege svar. KA planlegg å gi sitt svar som brev, og publiserer det på nettsida si i midten av august.
Sjå omtale av refleksjonsdokumentet og fleire kommentarar på KA si heimeside.
Dei er henta frå KA-forum nr 3, som no er på veg ut med Posten.

LOKALE TINGINGAR - FØREBUING OG GJENNOMFØRING

12. september arrangerar KA kurs i Oslo om førebuing og gjennomføring av lokale tingingar.
(Det blir også sett opp tilsvarande kurs i Bergen og Trondheim. Dato og meir informasjon kjem om kort tid på www.ka.no/kurs.)
Informasjon om kurset i Oslo 12. september

HAUSTKONFERANSEN OM "Å FORME FRAMTIDAS KYRKJE"

Gå ikkje glipp av KA sin haustkonferanse. I år er temaet «Å forme framtidas kyrkje». Konferanse vert halden i Oslo  9.-11. september.

SOMMAROPNE KYRKJER – PLAKAT OG BROSJYRE

Fortel om dei sommaropne kyrkjene! KA har laga plakat og brosjyre som kan supplere lokal informasjon. 
Du finn materiellet her.

GOD SMAK, DÅRLEG SMAK, KRISTEN SMAK

Landskonferanse kultur i Drammen 31. oktober til 1. september
Om visuell kunst i kyrkja
Les meir om landskonferansen og andre kyrkjelege kulturtiltak

SISTE FØR SOMMAREN

Desse e-postane frå KA kvar veke, tek pause i sommarferien – dvs. heile juli og til og med veke 32.
KA er likevel ikkje stengt, sjølv om det i periodar er færre på jobb enn vanleg, på grunn av ferieavvikling.

KA ynskjer alle sine medlemmer – og andre e-postvener – ein kjekke sommar!

Vennleg helsing
KA Kyrkjeleg arbeidsgivar- og interesseorganisasjon
© KA Kyrkjeleg arbeidsgivar- og interesseorganisasjon
Postadr.: Postboks 1034 Sentrum, 0104 Oslo — Besøksadr.: Rådhusgt. 1-3, 0151 Oslo
Telefon: 23 08 14 00 — E-post: ka@ka.no
KA
Du er registrert som mottakar av denne meldinga med e-postadressa .
Om du ikkje ynskjer å motta fleire meldingar med nytt frå KA, kan du melde deg av her.